Dei siste åra har Valen gartneri og vedlikehald satsa på gjerder og områdesikring, gelender og rekkverk i ulike materialer. Ein vesentleg del av av dette er oppdrag for offentlige verksemder, industri, sameiger med meir. Likevel er det rom for private huseigarar som ynskjer sikring mot fall frå til dømes høge murar og skjæringar i terrenget.
For det meste går det i flettverksnetting montert på stolpar i stål eller aluminium. Netting kan leverast i galvanisert, svart eller grønn farge, med eller utan bølget over/understreng.
Her kjem nokre bileter frå prosjekt.
Vi kjem gjerne på synfaring. Gjerder vert prisa p lm, alt etter materialer, tilkomst og utgangspunkt på staden.
For spørsmål og prisførespurnad, bruk denne mail: valengart@hotmail.no